Kampanjeutvikling
Vi er både kommunikasjon- og produksjonsbyrå og utviklar kampanjar heilt frå idé til ferdig produkt. Vi kjenner organisasjons-Noreg godt og jobbar med kampanjar som skal formidle bodskap og inspirere til handling.
Filmproduksjon
Med gode idear i botnen lagar vi filmar som gjer det lett å relatere seg til og engasjere seg i komplekse tema, og leverer både live-action og animasjon i ønska format.
Animasjon
Von har opparbeida ei brei portefølje av animasjonsfilm og bevegelsesgrafikk, også i kombinasjon med filmfoto. Vi leverer primært 2D-animasjon, men har også erfaring med stop-motion.
Direktestrøyming
Konferanse, seminar, møte, stunt eller andre arrangement? Vi har fleksible og stabile løysingar og strøymer direkte til ønska plattform.
Grafisk design
Von utviklar nye grafiske profilar, men kan også analysere, tilpasse og modernisere etablerte identitetar, både for aktørar og kampanjar eller konsept. Vi lagar grafisk design for trykksaker og web, samt innhald til sosiale medium.
Podcast og lydarbeid
Vi produserer podcastseriar og radioreklamar, og er med på ein, fleire eller alle delar av prosessen: idé, forarbeid, reportasjereiser og intervju, klipp, lyddesign og ferdigstilling.
Rådgjeving
Bak kvart prosjekt ligg det analyse og strategiarbeid for å sikre at det vi produserer gjev ønska resultat. Der det trengst, samarbeider vi med Agenda Rådgiving om dette.