• Arbeid
  • Kva kan vi?
  • Kontakt
Menu

VON kommunikasjon

  • Arbeid
  • Kva kan vi?
  • Kontakt

SMÅ OG STORE JOBBAR
MED VON OM EI BETRE VERD

Vi hjelper aktørar som står i viktige samfunnsoppdrag med å kommunisere slik at dei når sine strategiske mål. Vi trur ikkje på støy, vi trur på meiningsfulle møte med dei du vil snakke med. Det vi produserer skal vere truverdig og vekke interesse – og ikkje minst, det skal vere kjekt å lære noko nytt. Vi endrar haldningar og engasjerer til handlingar. Med kvalitet i kvart einaste ledd, og alltid von i botn.


EIT UTVAL Arbeid

Økt livsmestring i bydel Gamle Oslo

Arbeidet med å forebygge ungt utenforskap må starte tidlig. Å jobbe for å motvirke konsekvensene av barndomsbelastninger allerede fra de første leveårene kan gi positive ringvirkninger og forhindre fremtidig utenforskap. Nyere forskning viser at alle som jobber med barn og unge kan være med å forebygge gjennom å skape gode relasjoner. At barn opplever gode møter med trygge voksne er avgjørende.

Derfor utviklet bydel Gamle Oslo kompetanseløftet “Økt livsmestring” med de ansatte og Von på laget.

Økt Livsmestring: Trailer

Hvordan bevare gamle kirkebygg?

Gjennom Hovedorganisasjonen KA ble vi engasjert for å lage en introduksjonsfilm til Kirkebevaringsfondet.

Filmen har til hensikt å informere om og vekke interesse for kirkebevaringsprogrammene – blant kirkeverger, så vel som menighetsråd og kommuner med ansvar for bevaringsverdige kirkebygg.

I kjølvannet av produksjonen lagde vi også to animerte filmer om de tre programmene, begreper og bestemmelser, for å lose målgruppa videre inn i arbeidet.

Dette er Kirkebevaringsfondet
Bevaringsprogrammet - en forklaring

Konferanse for å avskaffe atomvåpen

FN sin traktat om forbod mot atomvåpen (TPNW) ble vedtatt av 122 statar i 2017 og nedfelte ei gong for alle det som har blitt etablert i fleire tiår: Atomvåpen er umenneskelege og uakseptable! TPNW er eit resultat av at verdsflertalet seier nei til atomvåpen, likevel har ikkje Noreg signert.

I mars 2023 ble det arrangert konferanse i Oslo. Det var den norske avdelinga av den internasjonale kampanjen for å avskaffe atomvåpen sin tur. Til det trong dei ein grafisk profil og materiell, og Von bidro med råd, design og videoproduksjon.

Takk til ICAN Norge for tillatelse til å vise bilete frå arrangementet. Dei er tatt av Alex Baker og Morgan Mackay. Bileta i studio har vi stått for sjølv.

ICANforum_Handlenett.jpg
ICANforum-Scenebanner.jpg
ICANforum_Spiralhefte-bruk.jpg
ICANforum-Sjokoladelapper+Actionlister.jpg
ICANforum_Navneskilt.jpg
ICANforum-taler.jpg

Bærekraftige Asker

Vi hjelpte Asker kommune med å skape engasjement for berekraftsmåla.

Då dei tidlegare kommunane Asker, Røyken og Hurum slo seg saman ble det bestemt at ein skulle bruke FN sine 17 berekraftsmål som eit overordna rammeverk for politisk og administrativt arbeid. Arbeidsprogrammet ble kalla «Bærekraftige Asker». Etter godt arbeid med intern forankring ønskte kommunen ein film som viste fram innbyggarretta kommunikasjon og skape engasjement for arbeid med berekraftsmåla. Vi laga ein film som knytta det heilt lokale som kvar enkelt av oss kan gjere opp mot det globale, og viste innbyggarane at dei kan vere stolte av jobben som gjerast, og inspirere til at dei sjølv bidreg til eit berekraftig Asker.

Framtida vi ønskjer oss

FN-sambandet utviklar tverrfaglege ressursar for læring om berekraft for alle typar skule, som både viser det globale samspelet mellom sosiale, økonomiske og miljømessige forhold, og korleis utfordringane i verda heng saman. Dei ønskte hjelp til å lage ein introduksjonsfilm som del av dette heilskaplege materiellet for undervisning.

Det ingen fortel deg om forskarlivet

Akademiet for yngre forskarar ønskte ein podcast som ikkje handla om forskningsresultat, men om livet som forskar. Vi syns det var eit spennande utgangspunkt og utvikla saman med AYF «Forskerrådet», kor gjestar i studio forklarer litt om sitt forskarliv knytt til ulike tema. Von har fungert som produsent og bidrege med å forme innhaldet, samt promotering for to sesongar.

Visuelt jobba vi fram eit profilkonsept og ei gjenkjenneleg ramme som gjorde det lettare å etablere og promotere podcasten. Løysinga ble å bruke fotnote eller asterisk-stjerne som eit berande element i designet. Det typografiske verktøyet, velkjent for alle som les og skriv akademisk tekst, skapte rom for å fylle podcast- og episodetitlar med innhaldsbeskrivelsar på ein effektiv måte. Vi valde eit minimalistisk og konservativt stiluttrykk som låg tett opp til eit visuelt kategorispråk nytta av aktørar i same nedslagsfelt, og samtidig spelte på lag med den eksisterande designprofilen til AYF.

Elbil skal vere for alle

Miljørabatt og kjøpsfordelar for elbilistar er naudsynt for at Noreg skal nå klimamåla for 2025. Vi hjelpte Elbilforeninga med få fram dette bodskapet med to animasjonsfilmar i starten av 2021.

Seinare på året hjelpte vi dei å presentere ytterlegare statistikk om elbil med tre korte filmar til bruk i sosiale medium.

Dette burde alle vite

Istanbulkonvensjonen er ein internasjonal lov som skal beskytte alle som opplever vald frå ein som står dei nær. Jamleg undersøker sivilsamfunnet kor godt Noreg tek dette ansvaret, og resultata publiserast i ein skuggerapport. Krisesentersekretariatet, JURK og Sanitetskvinnene leia arbeidet med rapporten i 2020. Då koronapandemien gjorde det vanskeleg å arrangere fysisk rapportlansering, fann trekløveret ut at dei heller kunne annonsere funna i ein animasjonsfilm. Vi hjalp dei med filmmanus, design og animasjon. Filmen blei lansert under ei internasjonal markering for avskaffing av vald mot kvinner.

Er dette lov?

Er det lov for skulen å halde temperaturen låg for å spare penger? For rektor å ignorere elevrådet? For skulen å ikkje ha ein helsesjukepleiar tilgjengeleg? Å dra når læraren er 15 minutt for sein til timen?

Elevorganisasjonen og Press kom til oss med gode idear for ein serie filmar for å promotere «Vi deltar», ein praktisk veileder for korleis ein sikrar god brukarmedverking i skulen. Vi hjelpte dei med produksjonen.

Kva veit eigentleg google om deg?

Forbrukerrådet sin rapport «Every Step You Take» avdekka at Google lurer oss til å godta at dei lagrer kor vi er til ei kvar tid. For å nå ut med nyheita filma vi reaksjonane til frivillige som fekk sjå kor mykje informasjon som ligg i dataa deira.

Bygge ei framtid

Kva synest foreldre er viktig når ungdommen skal bygge framtida si?

Oppdrag fuglekasse

Mange fuglar slit med å finne ein god plass å byggje reir. Miljøagentane, Naturverforbundet, Norsk Ornitologisk Forening og vi laga Oppdrag fuglekasse for å inspirere heile folket til fuglekassedugnad!

Sjå kampanjen her: www.oppdragfuglekasse.no

Bryt lydmuren

Undersøkelsar barne- og ungdomsorganisasjonen KFUK-KFUM hadde gjort viste at ungdommar i videregåande-alder syntest det er vanskeleg å snakke om tru. Dei ønskte å lage filmar som kunne innleie eit samtaleopplegg rundt det å snakke høgt om at ein er kristen. Vi bidrog med konseptutvikling og produksjon.

Rapport for Statens Helsetilsyn

Vi designa rapporten «Det å reise vasker øynene – Gjennomgang av 106 barnevernsaker» for Statens helsetilsyn. I samanheng med det lagde vi illustrasjonar som også blei brukt til presentasjonar og ein rollup.

Helsetilsynet-bok.png
Helsetilsynet-nær4.png
Helsetilsynet-n%C3%A6r2.jpg
Helsetilsynet-rollup.jpg

Kor mange slavar jobbar for deg?

Vi laga ein film til Norges kristne Råd si kampanjeveke om slaveri.

Det vert betre om du seier det til nokon

For Kirkens SOS: Vi fekk gutar til å chatte om vonde følelsar. Vi gjorde konseptutvikling, produserte kampanjefilmar, trykksaker, plakatar og annonser i ulike format.

I løpet av veka filmane gjekk i sosiale medier besøkte over 9 000 i alderen 15-25 år Kirkens SOS si sjølvmordsførebyggande chat-teneste. Over halvparten av desse var gutar og unge menn. Ei vanlig veke får chatten besøk av 900 i snitt.

Profil: NTL Landsmøte

Framtiden krever sterke fellesskap! I en tid hvor arbeiderrettighetene stadig er på prøve trengte NTL å bygge identitet og stolthet under landsmøtet sitt. Vi leverte en helhetlig designopplevelse fra innkalling til avreise.

Oppdraget bestod av:

– Utvikling av profil og slagord
– Design for skjerm og trykksaker
– Webutvikling
– Animasjonsfilm

Tilbakemeldingene vi fikk fra NTL var at designet fungerte godt, og bidro til engasjement og identitetsbygging under møtet.

«Von leverte et flott design til vårt landsmøte. Prosessen fram mot landsmøtet var preget av at Von leverte gode forslag, var lyttende til våre innspill og leverte raskt. De har svært god kompetanse på alle designområder, er nytenkende og jeg benytter dem gjerne igjen.»

Tove Lise Granli, informasjonsansvarlig NTL 

TNL_landsmøte_til_nettside.JPG
TNL_landsmøte_til_nettside_4.JPG
NTL-lm2018-foaje.jpg
TNL_landsmøte_til_nettside_3.JPG
NTL-lm2018-program.jpg

Jenter og teknologi

Saman med Barne- og likestillingsdepartementet og fleire universitet og høgskular samarbeider NHO med å få fleire jenter til å velje ei utdanning innan teknologi. Foreldre er den viktigaste rådgjevaren når unge skal velje studieretning. Vi laga ein film for å inspirere foreldre til å sjå på mogelegheitene innan teknologifag.

prev / next
Back to Små og store jobbar med von om ei betre verd
Økt Livsmestring: Trailer
1
Økt livsmestring i bydel Gamle Oslo
Dette er Kirkebevaringsfondet
2
Inspirere til å bevare kulturarv
ICANforum_Handlenett.jpg
10
Konferanse for å avskaffe atomvåpen
1
Bærekraftige Asker
1
Framtida vi ønskjer oss
Forskerradet-cover.png
3
Det ingen fortel deg om forskarlivet
Screenshot 2021-04-16 at 14.51.05.png
5
Elbil skal vere for alle
2
Dette burde alle vite
EO3.png
4
Er dette lov?
2
Kva veit eigentleg google om deg?
EBA01.png
1
Bygge ei framtid
2
Oppdrag fuglekasse
3
Bryt lydmuren
4
Rapport for Statens Helsetilsyn
1
Kor mange slavar jobbar for deg?
K-SOS_chatgutt2018.png
2
Det vert betre om du seier det til nokon
TNL_landsmøte_til_nettside.JPG
5
Profil: NTL Landsmøte
NHO_jenterogteknologi2017.png
1
Jenter og teknologi
 

[v:on], av norrønt vón 1: at ein ventar eller ynskjer seg noko godt; håp. 2: At noko er rimeleg, truleg, tenkjeleg. 3: noko som lovar godt, som det knyter seg gode framtidsutsikter til.


Nokre av dei bra folka vi har jobba for:

Kundelogoer mar2025.png

KONTAKT OSS