Vontoret_utleige_2.JPG

Kontorplass

Vi leiger ut lokala her i den sjarmerande gamle stallen i Damstredet 8. Vi kan leige ut enkeltpultar eller heile etasjen. Underetasjen har to store rom, med vindu, vedomn, panelomnar og rikeleg med stikkontaktar. I tillegg har ein tilgang til toalett, kjøkken og møterom. Internett er inkludert i leiga med hastigheit på 50 mbps nedlasting og 50 mbps opplasting. Ved leige av stykkvis kontorplass kan møbler og vask, i tillegg dei nemnde fasilitetane, vere inkludert til kr. 2600 i månaden. Utfor huset finns ein koseleg bakgard, og ute på gata ligg ein open plass med vasspegl og ein liten butikk.

 
l-296131-canon-c200.jpg

Canon C200 + Sigma 24-70mm

Dette er i utleigepakken: Canon 200 hus m/top handle og skjerm (touch), shape extension handle, 1 BP-A30 batteri (varer ca 130 min), 1 BP-A60 batteri (varar ca 280 min), 2 x 256GB SD-minnekort (227 min mp4-opptak per kort), 4 x 256GB Cfast-kort (33 min raw-opptak per kort), 1 x 128GB Cast-kort (16 min raw-opptak), 1 C-fast til SSD-disk på 1TB (133 min raw-opptak), lader og strømtilførsel om ønskelig, C-fast minnekortleser, shotgun mic: Sennheiser MKE600 dersom ønskelig (kan festast til kamera), Sigma 24-70mm f/2.8 og kamerakoffert med hjul. Du har med andre ord moglegheit til samanlagt 280 min raw-opptak, 454 min med mp4-opptak og ca 410 min med batteritid. Har diverse anna utstyr til utleige også, i tillegg til det som ligg her. Blant anna optikk: Sigma 18-35mm 1.8, Canon EF 24-70mm f/2.8L II USM, Canon EF 70-200 mm f/2.8L IS USM II, Sigma 24-70mm f/2.8, Canon 24-105mm f/4 I. Vi leiger ut kameraet til 2200 kr dagen og evt. 12500 kr for ei veke.

 
P1280748.jpg

Aputure LED-lamper: 3 × Amaran HR672C m/softbox

LED-kit: tre lampar som ein kan justere både lysstyrke og fargetemperatur på. Kan brukast med batteri eller straumkabel. Lampane har ein CRI på 95+ og ein lysstyrke på 4800 lumen, som tilsvarar ca 400 w tungsten. Du kan styre lampane via fjernkontroll, som gjer det mogleg å stå ved kameraet og stille lysstyrke og fargetemperatur samtidig. Lampane kjem med softboksar, og ei hendig veske til å bere det i. Du kan også få med stativ til å ha lampane på. Vi leiger ut LED-kittet til 750 kr dagen, 4450 kr for ei veke og 15750 kr for 30 dagar.

 
P1280715.jpg

Easyrig mini (4-6kg)

Easyrig mini til avlastning av hender og rygg når ein filmar. Den tåler riggar/kamera opp til 6 kg og er enkel å justere.
Du vil få med ein liten bag til oppbevaring/transport. Ein dag leige kostar 300 kr, ei veke 2100 kr og 30 dagar 7350 kr.

 
P1280757+kopi.jpg

DJI Ronin M stabilisator

Dette er i utleigepakken: DJI Ronin M, 2 batteri, fjernkontroll, lader, oppbevaringskoffert. Kan kombineres med anna utstyr. For eksempel Easyrig som ofte kan vere aktuelt å leige saman med ronin. Ein dag leige kostar 600 kr, ei veke 3550 kr og 30 dager 12600 kr.

 
P1280736.jpg

Sachtler videostativ

Lett og godt stativ som tåler kamera opp til 4 kg. Ein dag leige kostar 300 kr, ei veke 1800 kr og 30 dagar 6300 kr.

 
P1280722.jpg

Sigma 18-35mm f/1.8 DC HSM Art Canon

Nydelig, skarp og lyssterk linse med fast blender på 1,8! Vi leiger ut objektivet til 290 kr dagen, 1750 kr for ei veke og 6100 kr for 30 dagar.