Kampanjeutvikling

I Von likar vi godt å jobbe fram ein kampanje heilt frå idé til ferdig produkt. Vi kjenner organisasjonsnoreg godt og har mykje erfaring med å jobbe fram kampanjar i tett samarbeid med frivillige grupper og små sekretariat. Vi kan legge opp løpet slik at vi held kreative verkstader for å finne fram til dei beste ideaene. Med det kan vi sikre god fagleg forankring for kampanjen og samstundes skape eigarskap og engasjement hos dei involverte. Målet vårt er også at gruppa vil ta med seg teknikkane neste gong dei skal idémyldre - gode saker fortener god kommunikasjon!

To-dagars kampanjeverkstad med internasjonale deltakarar for ICAN. Seminaret endte med ein fiks ferdig kampanjefilm!

To-dagars kampanjeverkstad med internasjonale deltakarar for ICAN. Seminaret endte med ein fiks ferdig kampanjefilm!

Casefilm om korleis vi laga ein minister for LNU.

Vi koordinerte den norske delen av den internasjonale kampanjen "Action2015". Her ga 15 15-åringar sine krav til Erna Solberg.

Vi koordinerte den norske delen av den internasjonale kampanjen "Action2015". Her ga 15 15-åringar sine krav til Erna Solberg.


Filmproduksjon og animasjon

Sosiale medier og nye digitale flater har mogleggjort film som kommunikasjonsmiddel for fleire enn dei som har råd til å betale dyrt for reklameplass på TV. Å bruke film for å få fram bodskapet er effektivt og engasjerande. Von produserer mykje film, og med gode idear i botnen lagar vi filmar som gjer det lett å relatere seg til og engasjere seg i komplekse tema. Dei sosiale kanalane krev tydelege poeng og blikkfang. Animasjonsfilm kan vere veien å gå viss ein vil gå djupare inn i problemstillingar og formidle mykje informasjon på kort tid.

 

Direktestrømming

Å strømme eit seminar eller andre arrangement live opnar opp for at folk som ikkje får vere med på sjølve arrangementet likevel kan få med seg det som skjer. Von leverer fulle strømmepakkar, med eitt-, to- eller tre-kameraproduksjon. Vi kan strømme både seminar og stunts. Den lengste strømmejobben vi har gjort varte i 32 timar, blei plukka opp og sendt direkte av dei store nasjonale media og ga presseoppslag i over 50 land. Den største strømmejobben vi har gjort var med tre kamera på eit fullsatt Latter i Oslo. Vi brukar fleksible, men likevel stabile løysingar, så vi er ganske sikre på at vi kan strømme det som strømmast kan.

32 timar direktestrømming av brukervilkår!

Tre-kamerastrømming frå Latter i Oslo.


Design, web og sosiale medier

Vi leverer webdesign, kampanjeprofilar, brosjyrer, bøker, rapportdesign, plakatar, og bilete som kan delast i sosiale medier, gjerne som ein del av ein større kampanje, men også som enkeltelement. Vi er gjerne med å tenke på korleis desse elementa best kan nå folk, og lagar strategiar og kan administrere ulike sosiale medier. Klikk på bileta for å sjå nokre av nettsidene vi har laga for kundane våre.

Vi utvikla nettstaden "Rikets tilstand på asylfeltet" for NOAS - Norsk organisasjon for asylsøkere. Klikk og sjå (eller lik og del!)

Vi utvikla nettstaden "Rikets tilstand på asylfeltet" for NOAS - Norsk organisasjon for asylsøkere. Klikk og sjå (eller lik og del!)

Vi utvikla kampanjen "Proud supporters of academic freedom" saman med SAIH. Vi har produsert alle element i kampanjen. Klikk og sjå!

Vi utvikla kampanjen "Proud supporters of academic freedom" saman med SAIH. Vi har produsert alle element i kampanjen. Klikk og sjå!

Vi utvikla kampanjen LNU Match saman med LNU. Vi produserte alle elementa i kampanjen. Klikk og sjå!

Vi utvikla kampanjen LNU Match saman med LNU. Vi produserte alle elementa i kampanjen. Klikk og sjå!

Kunstprosjektet "iSynx" laga av Volt film. Vi designa nettsida til "linsa". 

Kunstprosjektet "iSynx" laga av Volt film. Vi designa nettsida til "linsa". 


Podcast og lydarbeid

Von elskar god og interessant lyd! Vi har laga podcastseriar og radioreklame for fleire kundar. Vi gjer heile jobben frå undersøking, reportasjereiser, intervju, klipp og ferdigstilling eller vi kan hjelpe deg med berre det tekniske om det er det du treng.

Vi lagde første sesong av den norske versjonen av TaxCast for Tax Justice Network. Klikk og høyr!

Vi lagde første sesong av den norske versjonen av TaxCast for Tax Justice Network. Klikk og høyr!

Vi lagde podcasten Gjeldsbrevet for SLUG - Nettverk for rettferdig gjeldspolitikk. Klikk og høyr!

Vi lagde podcasten Gjeldsbrevet for SLUG - Nettverk for rettferdig gjeldspolitikk. Klikk og høyr!


Analyse og rapportAr

Bak ein god kampanje ligg gjerne innhenting av informasjon og analysearbeid. I Von har vi erfaring med kvalitative og kvantitative metodar for å gjere statusrapport eller presentere ny informasjon. Vi har særskilt fagkompetanse på utviklingspolitiske spørsmål, migrasjon og propaganda, men i samarbeid med andre personar med ekspertise på andre fagfelt kan vi hjelpe til med å skrive gode rapportar, som presenterer analyser på ein forståeleg måte, også om andre tema.

Vi skreiv ei historiebok for Changemaker. Vi samla 25 års historie, henta helsingar frå eksterne og ga den ut i forbindelse med jubileumet.

Vi skreiv ei historiebok for Changemaker. Vi samla 25 års historie, henta helsingar frå eksterne og ga den ut i forbindelse med jubileumet.

Vi gjennomførte ei undersøking for KFUK-KFUM Global om ungdommar og etisk handel. Den blei brukt som grunnlag for ein kampanje.

Vi gjennomførte ei undersøking for KFUK-KFUM Global om ungdommar og etisk handel. Den blei brukt som grunnlag for ein kampanje.

Vi er med som konsulentar på eit omfattande prosjekt hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus. Korleis skal ein bruke tolk i samtale med born?

Vi er med som konsulentar på eit omfattande prosjekt hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus. Korleis skal ein bruke tolk i samtale med born?